tirsdag 6. oktober 2009

Tårnet

Korleis kom eg hit? Kva prøvde eg å nå?
Vart det altfor mykje fokus, så heile prosessen gjekk i stå?
Eg har bygd eit tårn eg ikkje kjem oppi
Men eg prøver og prøver til mi utmålte tid
er forbi

Eg hugsar eit forsøk, formen var fin
Men forsøket regna bort i nabovarsel og brennevin
Eg har ingenting til overs for fugemasse og silikon
Eg byggjer økologisk, ein rein og organisk
konkstruksjon

Tek sola ifrå alt - tulipanar og rosenknopp
Eg byggjer i bredda, men tårnet går beint opp
Eg trur eg finn teknikken, men havnar fort på bakken igjen
Tilbake til tegnebordet med notisblokk
og kulepenn

Balsatre og ibenholt, mahogni og teak
Tegelstein og munkepuss og gipsornament i krok og krik
Eit makelaust byggverk, men kva hjelp vel pomp og prakt?
Når alt eg sit igjen med er fyllesjuke
og sjølforakt?

Kva gjer eg no? Alt er forbi
Tårnet eg har bygd opp vil aldri bli klatra i
Eg plasserer ikkje skuld, eg bebreidar kun meg sjølv
Så eg drukner mine sorger, og finn fram
ein ny fjøl

1 kommentar:

  1. Eit organisk, tungt, jordnært. men akk så HÆRRLIGT dikt Trond. Ser ein liten gnist nede i ditt tungsinn ala Waits & Bukowski.

    SvarSlett